Eg skulle over til Elverum sykehus. Eg vart overført til eit anna rom, og møtte henne som hadde dotte 16 meter ned ei rulletrapp. Ho hadde vondt, og måtte flytte frå leiligheit og til omsorgsbolig. Ho var alt i ferd med å selje. Eg vandra i gangane, og drakk vatn, for eg ville ikkje å få hjerteflimmer på nytt. På gangen fekk eg vite at ambulansen skulle kjøre om Kongsvinger til Elverum, for det var ein pasient som skulle dit. AMK på Gjøvik som dirigerte ambulansetrafikken i Hedmark og Oppland fann ut at ein omveg på ein og ein halv time var greit for ein nyoperert hjartepasient, så dermed fekk eg sightseeing Hedmark rundt. Ambulansepersonellet henta meg på avdelinga, eg vart spent fast og rulla ned til bilen, og der var allereide medpasasjeren på plass. Så låg me der fastspende både over bringa og mellom beina, med dyne over oss og ambulansepersonell ved sida. Bilen rulla avgarde sørover mot Kongsvinger. Ho som skulle til Kongsvinger verka litt sur, så eg kunne ikkje dy...
Britt blogger fra et sykeleie