Så låg eg der , på intensiven på Ullevål. 4 avlukke med blå fortrekksgardin, ei seng og eit nattbord, nattlampe og uttak for mobilladar.
Han til venstre for meg, litt oppi åra, hadde måka snø. Ho tvers over meg kom med helikopter fra Bodø. Pacemakern hadde slått seg vrang, og ho måtte ha ny.
Og eg hadde blitt utblokka, og venta på neste trekk. Toalettet var i gangen, og vi smilte bleikt til kvarandre etterkvart som vi trengte å sleppe ut litt veske.
Etter diverse blodprøvar, litt kveldsmat og nyorientering, kjem det inn ein med eit skanneapparat. Eg får beskjed om å legge meg på sida, og han undersøker, flyttar skannehode og undersøker igjen. Eg skal puste og halde pusten, snu meg litt og puste igjen. Han trykker og klikkar, og det er tydeleg at hjartet får si undesøking, sekund for sekund. Etter 20 minuttar seier han takk for seg, seier at det er ikkje sikkert legane vil ha det han har gjort i det heile, og tek nye prøvar, men nå har han gjort sitt. Eg takkar, og han forsvinn. Litt soving, og eg får frukost.
Legen kjem, og kort og brutalt seier han at eg hadde fleire årer med innsnevringar. Den eine hadde funne nytt løp sjøl, men det var innsnevring på hovedpulsåra som kunne stoppe det nye løpet. Men eg verka sterk og forholdsvis frisk, og var relativt ung, så dei ville anbefale at dei sette meg opp på bypass. Eg ville få eit mykje betre liv enn ved utblokkingar. Ein lege skulle ta kontakt seinare å fortelje om inngrepet. Eg fekk ei blekke på 15 sider om inngrepet og tida etter. Eg har alltid synest det var rart at nokon ikkje vågar noko fordi det er nokre % sjangse for at noko kan gå galt. Det er farleg å kryssa gata, ta fly eller tog og. Så eg takka straks ja. Til bypass.
Inngrepet var fastsett til 31.01, og dei skulle ordne det slik at eg kunne vere på Ullevål i ventetida. Eg smilte takksamt og vart glad. Tanken på Elverum tur/ retur med sjukebil 2 gonger på ei veke freista ikkje. No fekk eg vere i ro, og "helse meg opp" til operasjonen.
Men kva var buypass? Tipping, slankeoperasjon eller hjerteoperasjon? Tid for å google.

Kommentarer
Legg inn en kommentar