Morgonen kom. Eg vart trilla til operasjonssalen, låg nokre minutt og venta før eg kom inn. så rulla eg meg over på ei anna seng, og meir hugsar eg ikkje.
Då eg vakna opp att låg eg på ei seng med blått treksel rundt, og ein pasient i eit anna rom ved sida av. Denne pasienten hadde slått seg heilt vrang, og ville korkje ha medisinar eller noko, og pleiaren jobba intens for å få vedkommande til å samarbeide. Og her låg eg, full av livsvilje og samarbeidsvilje, og ville ikkje noko anna enn å leva! Til slutt brast det for meg: " Hvis ho vil dø, så la henne få det, men kan eg få litt vatn?" Noko eg fekk. Men det illustrerar at ein er seg sjøl nærast i ein krisesituasjon. Etterkvart roa situasjonen seg. Ho fekk besøk av slekt, og bestemte seg for å leva ho og. Mannen min og sonen min kom på besøk, og det var uendeleg godt å sjå dei og prate med dei. Vite at eg levde og at det såg ut til å gå framover. Kor lenge dei to var der, veit eg ikkje, men det var fantastisk godt å få besøk.
Neste gong eg vakna, var eg flytt til intensiven på Thorax. 3 avlukke med dei etter kvart så kjende blå forhenga. Det var fredag, og ein skulle ut, medan han nr. to skulle ut laurdag. Eg måtte opp og stelle meg, vart sett opp i senga og fekk frukost. Blodtrykk og blodprøvar, termometer og veging, og så kom ein portør og veiva senga gjennom tallause korridorar til røntgen. Opp og stå, hald deg fast, pust og slepp pusten. Oppi senga att, og gjennom mange korridorar tilbake til rommet.Eg fekk sei kva eg ville ha til frukost, og eg valde mest av vilje. Men jamen glei maten ned! Rikeleg med drikke, og klyster for å fange opp dråpane.
Eg fekk beskjed å sitje i stol, for då pusta eg best, så eg kreka meg med hjelp oppi stolen og sat der, brukte pusteremediane frå fysioterapeuten og fekk oksygen i nasa i tillegg. Dagen gjekk. Tenande ånder hjalp til med alt eg trengte hjelp til, og ut på ettermiddagen prøvde eg preikestolen, og trilla ut på gangen, med følge av ein sykepleiar som passa på oksygentilførselen. Me gjekk nedover korridoren , passerte hjertemedisin sine einemerker, og kom til enden av korridoren. " Ser du der borte," sa sykepleiaren . Dit vil eg du skal gå i morgon" Eg tenkte: "Det skjer ikkje, eg dør". Me snudde, og vendte tilbake til den trygge hamna på intensiven. Day one ended.

Kommentarer
Legg inn en kommentar