9. mars Det er fint ute. Varmt om dagen, og nokre kuldegrader om natta. Litt snø har me enno, men det er bra så lenge han ligg, slik at ikkje det som spirar og gror, og vert øydelagt av ei frostnatt. Eg har likevel gått og sett om blåveisen på tomta har kome fram, men det er nok for tidleg. Eg såg likevel ein halsstarrig hestehov som kika fram i vårværet 9.mars. To dagar etter var det 25 cm snø og kulde, så då var han løynt. Det var frostnetter opp ril 10 minus, men no når veret skifta og snøen bråna, stakk han oppatt , like gul og fin som før. Livet kan vera skjørt, men jammen kan det vera seigliva også. Elles går min halvtime kvar dag, og har eit 15 minuttars program med strikk dei fleste kveldar. Litt lite, men betre med noko enn ingen ting. Vekta er det store pr...
Britt blogger fra et sykeleie