Det er lenge sidan eg var inne på denne bloggen no. Det er ikkje fordi det er noko gale, men rett og slett fordi eg kjenner meg frisk etter alderen, og at livet går sin vante gang. Eg strevar framleis med å gå ned i vekt, men har i alle fall kome unna jula utan å legge på meg. Eg prøver å ete sunt, og ser på kva eg har oppå tallerkenen. Eg tel ikkje kaloriar, men ser etter at dei matvarene eg et dagleg har lav glykemisk indeks, at eg et mykje frukt og grønnsaker. No i jula er det rikeleg eple og klementiner å ta av, og det er jo sunt begge delar. Nøtter er jo og bra, når ein heldt måten. Når det gjeld mobilitet, går eg mine 3000 skritt for dagen, helst meir. Det gjer eg stort sett kvar dag, og varierer om eg går motbakke eller tur på flata. Det er fint å kombinere turen med å ta bilete, og no på vinteren er det så mykje vakkert å ta bilete av: solnedgangar, rimfrosne tre, juletre og situasjonar du kjem ut for. Eg las ein stad at ein doktor anbefalte folk å kome seg ...
Britt blogger fra et sykeleie