To dagar på hjarteskulen er nå til endes. Eg har fått innføring i kondisjons- og styrkeapparat, og lært kva som er godt for dei ulike muskelgruppene, og prøvd apparata. Det var moro! Fine og nye apparat, nesten ikkje brukte, og med alle dei siste finessane. Fysioterapeuten som fylgde oss, peika på manualar og strikk som alternativ, og meinte dei var betre, men eg må tilstå at eg likar mekaniske innretningar. Eg er nok arveleg belasta, trur eg. I går ettermiddag var det ope basseng. Eg merka at det var lenge sidan sist eg hadde vore i vatn, så det vart symd fire lengder, med pausar, før eg tutla meg på land og tok kvelden. I dag har me hatt enkel trening i gymsal, der me stort sett hadde ulike gåøvingar, og trening på å lære namna på alle. I ettermiddag var det bassengtrening. Det var moro, for ein vert jo meir vektlaus i vatn, så me trena på å gå på ulike måtar, bruke hendene, flyte og symje med hjelpemiddel. Ei flott økt. Teorien i dag var interessant. Det handla om hjartesjukdom,...
Britt blogger fra et sykeleie