Det er varmt ute, og føtene hovnar opp, særleg den eine. Lækjaren tok ei vene frå han då eg skulle få nye årer til hjartet. Så prøver eg då kjerringråd frå nettet, og sit med føtene høgt. Eg leitar fram selleri som eg har høyrt skal vere vassdrivande, og knaskar i meg ein stilk stangselleri, og har han i salaten. Grøn te skal hjelpe, så eg drikk meir te og mindre kaffi, og når desse remediene verkar, og ødema blir mindre, så må ein jo meir på toalettet. Eg las at nesle og løvetannte skulle hjelpe, så no får eg tørke litt av det til vinteren. Mannen min smør seg med ein gel som reinsar problemområder. Han har hatt vondt i albuen, og smør seg for å lindre smerter. Her ein dag såg eg at dette skulle verke på høvne føter og. Så no smør eg meg, og det hjelper. Det er jo dårleg blodsirkulasjon som ligg til grunn, så gelen reinsar vel opp i gamle uhumskheter. Eg las at ein skulle ikkje berre vere forsiktig med salt når ein hovna opp i føtene, men også...
Britt blogger fra et sykeleie