Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2020

Septembermelding.

 Så er me alt kome langt ut i september, og det er tid for ein ny rapport. Det har vore fint ver, så det har vore lett å få til sine 3000 skritt.  Om veret ikkje var så bra, så har appen til Yr hjelpt meg til å gå mellom bygene. Det er mange fine finessar på moderne dupedittar!  Vi har plukka bær. Godt å kome ut i skogen, og finne at i år bugnar det av bær. Eg trur aldri eg har funne så mykje på så kort tid. Me fann ei halv bytte kvar gong, og me var ikkje ute i mykje over timen!  Vi plukkar blått og raudt saman, og så sortertar me heime. For oss fungerar det bra. Så me har fått mykje fint blåbær og tytebær til syltetøy og dessertar.  Blomkål viste seg å vere fin til slankekur. Eg bruka han  i salaten eg et til frukost og lunsj.  Dessutan har me hatt fleire middagar med blomkål som hovedrett eller  attåt.  Eg har gått ned fleire kilo! Då eg googla  dei fantastiske eigenskapane til  kål,  fann eg ut at kåldietten var ein kjend s...