No kan ein endeleg trene på treningssenteret igjen. Men eg er rimeleg utslegen av varmen denne veka, så eg har ikkje gjort noko forsøk på å reise dit. Trufast mot min halvtime med gåing er eg nok, men no vert det sjeldan meir. Eg kan liksom dei ulike rutene nokså godt, og veit kor langt eg skal gå. Rundt byggefeltet er det 800 skritt, ein tur i hagen 500, ein tur på butikken 2000 skritt, og ein tur over gangbrua er 600. Ein tur i Romedalsparken er 800 skritt, og min tur gjennom det andre byggefeltet er 2500. Så tilpassar eg dagens tur til minimumslengda, og er nøgd. Hengekøya er fin, men ikkje særleg mykje treningi. Men det er kos å liggje der, sjå opp i trekrunene og vogge i vinden. Hønene småpratar like ved, og av og til kjem katten smygande for å sjå om matmor har det godt. Men det er sjeldan i denne varmen. Ho ligg vel ein eller annan stad under ei buske og søv til kvelden kjem. Føtene til dn vesle trampolina glimtar med fråværet sitt f...
Britt blogger fra et sykeleie