Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2020

Heimetrening på gang- neste veke!

Slik går no dagane. Eg har vore flink å gå på treningssenteret siste månaden. Kvar veke planlegg eg tre økter, og gjennomfører dei. Det er stort sett det same kvar gong. Men av og til er det moro å prøve nye apparat, som då eg prøvde eit der du vreid på ryggmusklane. Det gjekk greitt eine vegen, men andre fekk eg ikkje til. Det var tungt, og høyrdes ut som eg held på å øydeleggje maskina. Så fekk eg vite at det var to hendlar under setet, ein for kvar veg, og då gjekk det betre. Folk og eg er stort sett i vår eiga boble, så det er ikkje mykje vi snakkar saman. Nokre ser sitt snitt til å kvile i eit av dei mest populære apparata, andre ser ut til å drive same øvelsen 20 minuttar i strekk. Men det er alltid noko anna å gjere, og ta det apparatet det gjeld til slutt. Litt anpusten etter siste øving, smiler vi til kvarandre i garderoben, og er einige om at det er ekstra godt å vera ferdig. Men no er det slutt. Regjeringa stengde som kjent ned alle treningsstudio i går, så no må ei...