Oktober har kome og gått. Lauva er for det meste borte frå trea, og turane i den lokale parken går mest ut på å sjå dei vakre skiftingane i vatnet, og alle brune, gule og raude nyansar i naturen. For det vert mest turar i nærområdet, der Samsungen er god å ha for å telje skritta. Det vert som regel 3000-4000 skritt, på ulike stigar nær oss. Når det regnar er eg som katten, og vil helst ikkje gå ut, men Yr har no lansert ei teneste som heiter himmel, og ho er ganske nøyaktig når det gjeld lokale regnbyger. Strikken brukar eg no og då, og kjenner kvar gong at dette burde eg gjera meir av! Det lokale treningssenteret er utan meg, ettersom smitte kan forekoma. Me har hatt ein tur til Molde, og syrgde for at gåturane fungerte både på reise og under opphald. Det går ikkje så lett å kome ned i vekt lenger, men eg har gått ned eit kilo til, med å vere forsiktig med kva eg et. Eit syttiårslag må ta noko av skulda for at det vart litt lite vektnedgang denne gongen, for eg er gla...
Britt blogger fra et sykeleie