Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2022
 Ei lita oppdatering.  Det har vore lite å skrive om i det siste. Livet går sin vante gang. Eg går mine 3000 + skritt kvar dag, og appen skryter av meg. Eg skifta frå Samsung til ein annan app  for ei tid sidan. Det var morsomt, for han viser så tydeleg at små skritt kan få store fylgjer. I fylgje appen har eg gått frå London til Paris sidan eg byrja .  No er det ikkje nokon stor prestasjon å gå her på indre østland for tida. det har vore så turt at jorda slår sprekker, og ein tekjer på   afrikanske tilstandar.  Det er litt til og frå med styrketrening. Eg har mine mål, men ikkje alltid den sida av livetvert oppnådd. Eit prosjekt med å rydde i vedskjulet hjalp litt. Det har blitt slik i denne bakvendte verda, at ved er blitt ein ressurs ein må ta vare på. Så ved er stabla, og turre små greiner som var attgløymt i ein binge var plutseleg verd å ta vare på. Eg grov meg ned gjennom haugen, og jamen vart det ikkje 10-12 sekker med opptenningsved av det ein...