Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2019

Eit år har snart gått

Eg var ute og gjekk tur i dag, i blåtimen. Eg mangla 1000 skritt på mine 3000, og tenkte eg skulle ta ein kjapp tur rundt byggefeltet for å fyllt opp kvota. Det var mange kuldegrader, og sidan me kom heim fra bønnemøte, og eg hadde vore på arbeid før om dagen, så var meininga å få metrane unna, og ta kvelden, heime, attmed omnen i fred og ro. Som eg vassa gjennom nysnøen dei første metrane, for å kome over til byggefeltet, så tok tankane over: For eit år sidan, kvar var du då? Ja, det visste eg så altfor godt. Eg gjekk og steig i gangane på Ullevål sjukehus og venta på bypassopperasjon. Kva gjer du no? Jau, du er ute og går i 19 kuldegrader, og har ikkje vondt i hjartet i det heile! Eg kjende takksemda velle opp innanfrå, takk for livet, takk for helsa, forat eg kunne gå i snøen og nyte blåtimen!  Eg tok ein lengre runde, berre for å teste formen, og nyte livet. Trea var vakre. Bartrea hadde snø, og lauvtrea held atter på å få rimfrost , og det gjer kvar enkelt til eit lit...

Trening, jul og vekta

Det er lenge sidan eg har skrive på bloggen no. Alt går jo sin vante gang, for eg går stort sett mine 3000 skritt for dagen, og har stort sett brukt strikk kvar dag.  Eg har vore sløv å gå bakke, så då eg var på tur med familien og skulle gå motbakke, så måtte eg stoppe og pusta på fleire gonger. Så no er det bakke på nytt, men eg merkar det går lettare enn før, sjøl om eg ikkje har hjartetablett lenger. Så fekk eg forespurnad om å ta eit vikariat, og det tok eg, mest for å teste formen. Det har gått veldig bra, så det var sant det doktoren på Ullevål sa :-Du får eit mykje betre liv om du tek operasjonen. Det har eg fått, og eg er veldig klar over at eg har fått livet mitt tilbake. Eg fullførde ei bok og eit hefte i haust, og fekk dei i trykken. Begge er kome att frå forlaget, og eg har vore på Vestlandet og seld og signert bøker. Så livet har vore aktivt. Så kom jula, og eg var spendt på kor ho ville gå!- Eg hadde gått ned 6 kilo, og var stolt av meg sjøl. Men det tok ikkje...