Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2021

Novembertankar

 Tida flyg. No er me alt i november, og dagane er korte. Eg har vore ute og rydda litt forfallande, sett inn nokre hagebord og stolar, flytt på plass krukker og altankassar for vinteren, og teke inn parasollen. Hengekøya er for lengst inne, men sittevarianten kom innomhus no. Eg har venta litt, så ho tørka opp. Det er litt vemodig med dette høstarbeidet, for ein veit at dagane blir kortare, det blir kaldare og meir utriveleg ute. Hausten har jo sin sjarm, med haustfargar som vert meir og meir bleike, men no som blada vert borte frå trea er det stussleg. Kallen sette på vinterdekka på bilen, og kjende på sltasjen i knea. Men det gjekk bra, når han fekk kvilt seg etterpå. Han brukar ein gel å smørje på knea, og det løyser opp små blodårer.  Me har fått veden i hus. Mykje ved, for det vert vedfyring, og straum til å ta toppane, motsett tidlegare år. Klimaavtrykket får våge seg. Eg reiser ikkje på ferie til varmare strok, og et kortreist mat. Det er avtrykk det og. Så går eg framl...

August. Vekta bør ned.

  Eg ser at ein og annan er innom bloggen for å sjå om det er noko nytt. Men det er lite å skriva om, for alt er nesten med det same. Eg går min halvtimes tur kvar dag, og  er  ikkje godven med strikken for tida. Vekta er eit problem, som eg vedvarande strir med. Det er vanskeleg å gå ned i vekt i min alder.                              Eg prøver med meir grønnsaker, og et lite søtt. Det siste er at eg et berre ei brødskive til frokost, og elles salat. Grøn te er på menyen kvar dag. Likevel var blodsukkeret høgt då eg sist var til kontroll. Eg fekk ei liste over mat eg burde ete, men fann ut at det meste av dette et eg jo allereie! Det einaste eg kunne ete meir av, var nøtter og bønner. Dessutan burde eg ete karbohydratar saman med proteiner og fett.  I dag les eg på Facebook om eplesidereddiken sine slankande eigenskapar. Anbefalinga var ein kork eddik i eit glas vatn kvar morgon. Det skader ...