Nattevaktene gjorde eit formidabelt arbeid. Den første natta var det kritisk for meg, og eg var kobla til pacemaker fordi hjarta slo for få slag i minuttet. Eg syntest eg høyrde oppmuntrande tilrop frå nattevakta heile tida. Med navn, for å vere sikker på at eg skjøna at det var meg det galdt. Andre natta sette han på eit apparat som skulle varsle om hjartefunksjonen. Uheldigvis slutta mekanismen å fungere etterat han gjekk ut, så i staden høyrde eg den momotone lyden kvart 30 sekund frå 4 morgon til 7.30. Kanhenda hjelpte det på hjartefunksjonen og, for eg hadde ikkje pacemaker den natta.
Eg drakk mykje, og fekk beskjed om det, fordi eg hadde hjerteflimmer. I tillegg fekk eg vanndrivande. "8 liter har du tissa i natt, " sa vakta om morgonen. Eg visste ikkje om eg skulle vera kry eller ikkje. Men dagen etter var kateteret fjerna.
Natta deretter kobla han oksygentilførselen feil, så eg var våt på skjortekragen då eg skulle opp eit naudsynt ærend om natta. Først skjøna eg ingen ting: Eg kunne jo ikkje ha pissa på kragen? Så vakna eg og skjøna samanhangen, så eg fekk ny skjorte og oksygenen vart kobla om.
I helga var det innleigd anestesisykepleiar frå Sverige. Ho var flink, men litt meir layback når det galdt vandring med preikestol i gangane. Me fann ut at eg utmerka godt kunne manøvrere både preikestol og oksygenapparat åleine, så derfor fekk eg vandre i gangane utan forkle. For meg var det fint. Eg gjekk den lange korridoren, trakk pusten djupt og fortsette neste. Det gjekk bra! Heilt åleine! Eg kjende meg som ein overvinnar då eg skauv meg attende til rommet mitt. Eg gjekk strekkja 3 gonger i løpet av dagen, og den korte 3 gonger. Dessutan hadde eg site opp mykje av dagen! Eg var stolt av meg sjøl då eg la meg.
Dagen etter gjekk eg fleire gonger, og kjende at det gjorde godt.
Kunsten på veggene var ikkje heilt topp. På Thorax hadde dei bilete av utrydningstruga artar, så det første eg såg då eg kom ut av rommet var ein bavian. Lenger borte i gangen hang det suramiar og mykje anna rart. Det var ei lise å krysse lina til til hjartekirurgisk avdeling. Der hang det akvarellar med forståelege bilete. Det var vakkert å sjå på. Men eg filosoferte svært på utsmykkinga på Thorax. Var det for å vekke overlevingstrangen , eller for å vise at livet framleis var skjørt?

Kommentarer
Legg inn en kommentar