Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2020

Trening i hallen.

 Eg har begynt å trene på treningssenteret igjen. Eigentleg er det ikkje på grunn av hjartet, men meir fordi eg kjende eg fekk vondt i nedre del av ryggen, og fann ut at gåing ikkje hjelpte for det. Så no er eg 3 gonger for veka i Stangehallen , og trenar moderat. Det sovande medlemskapet vakna til liv, og eg kosar meg mellom dei ulike apparata. Det er lettare å køyra til hallen etterat vegen vart ferdig etter omlegginga, og det gjer og sitt. Eg brukar tredemølla, og går ca 10 minuttar med vekslande intensitet, men er for gamal til å springe. Så medan dei pustar og pesar og set føtene hardt i mølla på alle kantar, ja nokon har sågar fått mølla i oppoverbakke (!), så går eg mellom 3 og 6 på skalaen. Etterpå ror eg i 5 minuttar, og tek så øvingar for rygg og mage. Eg øver balanse ved å stige opp og ned på ein krakk, og går så for å øve lårmusklane. Det skal vera ei maskin for å øve leggmusklane og, men ho har eg ikkje funne enno. For noko av gleda mi er rett og slett å prø...