Dei hovne føtene kjem og går. Eg prøver å gå, og eg prøver å ete selleri. Ei tid såg det ut som Muskel gel verka, men så gløymde eg han nokre dagar, så nå må eg smørje på nytt. Elles held eg fram med mine 3000 skritt for dagen, og er trufast med det, anten turen går på kjøpesenter eller rundturar i nærmiljøet. Det byrjar å bli mørkt om kveldane, så her ein kveld såg vi ein grevling ute på plenen som dreiv og meska seg med meitemark etter regnet. Han kan vera sint, og hoppe i leggen på folk, så vi er litt aktsomme når vi vandrar ut etter mørket har kome. Me har funne ut at han bur sannsynlegvis under terrassen til naboen. Han likar å setje ut mat til kattar, og då er det fritt fram for andre å forsyne seg. Hadde han budd under min, skulle han blitt fanga i felle og skoten, eventuelt blitt frakta til dei djupe skogar, der han aldri fann at heimstaden sin. Eg er ikkje så flink med strikken lenger, men han heng no der. Ein dag losnar det vel. ...
Britt blogger fra et sykeleie