Ja, så vart det litt seint, dette innlegget. Eg skulle skrive forrige veke, men noko kom i vegen. Eg har vore inne til kontroll sidan sist. Først gjekk eg med måleinstrument i 24 timar, og så var eg inne og fekk dommen. Det var ikkje så oppløftande. Eg hadde hjerteflimmer nesten heile tida, så eg måtte ha hjartetablett på nytt. Det kjendest som eit lite nederlag. Men samstundes merkar eg at hjartet slår rolegare etterat eg begynte, så det var nok nødvendig. ' Pusten er igjen dårlegare når eg går fort eller i motbakke, men samstundes er altså hjartet rolegare i dagleglivet. Om eg klara å gå ned i vekt, kunne det hjelpa på flimmer, sa legen. Så det var jo meir motivering for å prøve å gå ned. Men det er ei hard nøtt. Eg bikkar mellom 87 og 86 kilo, men vonar det snart stabiliserar seg, og går vidare nedover. Eg går trufast mine 3000 skritt eller meir, og mannen min er like ivrig som eg. Strikken er kome ned frå veggen, og eg prøver å gjennomføre eit program på 10 m...
Britt blogger fra et sykeleie