Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Herleg å leve!

Det er lenge sidan eg har skrive på denne bloggen no. Det er nok for at alt går bra, og fordi eg har hatt det travelt. Eg har faktisk arbeid ein del som vikar på skulen, og elles har dagane gått med det vanlege, husstell, lesing og skriving.Så har  eg  vore fleire turar til Vestlandet, både til Bergen og Molde, og hatt gleda av å møte slekt og venner. Mannen min har feira 70- årsdag med slekt og venner, og det var ein kjempefin dag, der me fekk møte folk, fornye vennskap og mimre. Eg er så absolutt for å feire dagar, for å møtast på merkedagar. Når det gjeld helsa, er ho bra etter alderen. Eg prøver å gå mine 3000 skritt for dagen, og klarar det nesten kvar dag. Det er greit med Samsungtelefonen, som har ein app der du kan leggje inn anntal skritt du vil gå kvar dag. Eg veit at eg kunne ha lagt inn fleire skritt, men eg synest det er greitt å ha forholdsvis lite, for da kan ein heller gå lengre om det høver. Det har vorte altfor lite gått i motbakkar. No vart eg minna på ...