Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Pust, pust, pust!

Livet er trening. Trudde aldri eg skulle sei noko slikt. Men kvardagen har blitt sentrert om å gå tur kvar dag, og trene opp hjartet og lungene igjen. Då snøen for, og det omsider vart turre vegar, fall auga på ein lang bratt bakke like bak huset. Den går til Brynsåsen. Mannen min vart heldigvis med å gå, og me starta med å gå til første svingen, og så vart det ti- tjue meter lengre for kvar gong. Det var stridt, for det var tungt å puste, og eg måtte stoppa på. Nokre dagar verka det i ledda, og andre dagar var formen av ein eller annan grunn dårlegare. Vi såg ein hestehov som trassig sette hovudet opp, trass i kuldegrader på 8-10 om natta, og dagen etter såg vi avkommet. Dei heldt ut, og nå er det hundrevis av hestehov når vi går oppover bakken! Våren bryt fram. Men eg kreka meg oppover, og fekk utsynet over bygda, såg på byggeplassane på byggefeltet, og kom opp i svingen til ein einebustad der folk la ut mat til fuglane, og ekornet klauv på granleggane. Morosamt å stå å sjå på...

Fastlege, kolesterol og tilfriskning..

Eg var heime, med 8 medisinar, og ei oppmoding om å trene meg opp gjennom å gå. Eg gjekk kvar dag, og opplevde små sigrar, ettersom lengda på turane vart lengre og lengre, timeter etter timeter. Vart det problem, skulle eg oppsøke fastlege. Dei tok stinga litt tidleg på Elverum, og det eine såret var fullt av puss, og ville ikkje gro.  Eg fekk time hjå fastlegen, og fekk kome direkte inn på undersøkingsrommet, sidan det framleis var influensatid, og eg  helst ikkje skulle bli forkjølt. Dei tok prøvar av bakteriefloraen, og sende til laboratoriet på Lillehammer, noko som gjorde at det tok nesten ei veke før eg fekk svar. Men mannen min var sjukepleiar, og vaska såret med Pyrisept kvar dag, så det var reint. Då svaret endeleg kom, var det ingen fare, så vi heldt fram med Pyrisept og plasterbytte. Etter 4 veker skulle eg til kontroll, og  då var det full rulle. Legen målte blodtrykk, gjekk gjennom medisinar og skreiv ut dei som mangla på blå resept. Eg fekk bytt kole...

Opptrening

Ja, så skulle eg trene meg opp. Utan preikestol og andre hjelpemiddel. Det var vinter og kaldt, mange kuldegrader, men det skulle ikkje ha noko å sei, sa dei på sjukehuset. Eg hadde jo ikkje hjarteproblem lenger, etter operasjonen. Så eg las i medbrakte broskyrer, og fann ut at 10 minuttar to gonger om dagen skulle ein byrje med. Eg kledde meg med luve, vottar og sjerf, og stavra meg tre gonger fram og tilbake til postkassa, tilsaman i underkant av 100m, og syntest eg hadde vore flink! Eg la ut selfie på familiesida på Facebook, og gjekk innatt og kvilde meg på laurbæra- dei to neste dagane. For då eg las det med små skrift, fann eg ut at dei første dagane måtte ein ta det med ro, og akklimatisere seg. Så eg gjorde det. Det var kaldt framleis, så vi reiste deretter til Coopen og eg brukte handlevogn som preikestol. Eg syntest eg var sprek da eg gjekk gjennom heile butikken, og utatt i bilen. Me kjøpte "verdens beste", for det var fødselsdagen min, og vel heimatt koste vi...