Gå til hovedinnhold

Innlegg

 Ei lita oppdatering.  Det har vore lite å skrive om i det siste. Livet går sin vante gang. Eg går mine 3000 + skritt kvar dag, og appen skryter av meg. Eg skifta frå Samsung til ein annan app  for ei tid sidan. Det var morsomt, for han viser så tydeleg at små skritt kan få store fylgjer. I fylgje appen har eg gått frå London til Paris sidan eg byrja .  No er det ikkje nokon stor prestasjon å gå her på indre østland for tida. det har vore så turt at jorda slår sprekker, og ein tekjer på   afrikanske tilstandar.  Det er litt til og frå med styrketrening. Eg har mine mål, men ikkje alltid den sida av livetvert oppnådd. Eit prosjekt med å rydde i vedskjulet hjalp litt. Det har blitt slik i denne bakvendte verda, at ved er blitt ein ressurs ein må ta vare på. Så ved er stabla, og turre små greiner som var attgløymt i ein binge var plutseleg verd å ta vare på. Eg grov meg ned gjennom haugen, og jamen vart det ikkje 10-12 sekker med opptenningsved av det ein...
Nylige innlegg

Novembertankar

 Tida flyg. No er me alt i november, og dagane er korte. Eg har vore ute og rydda litt forfallande, sett inn nokre hagebord og stolar, flytt på plass krukker og altankassar for vinteren, og teke inn parasollen. Hengekøya er for lengst inne, men sittevarianten kom innomhus no. Eg har venta litt, så ho tørka opp. Det er litt vemodig med dette høstarbeidet, for ein veit at dagane blir kortare, det blir kaldare og meir utriveleg ute. Hausten har jo sin sjarm, med haustfargar som vert meir og meir bleike, men no som blada vert borte frå trea er det stussleg. Kallen sette på vinterdekka på bilen, og kjende på sltasjen i knea. Men det gjekk bra, når han fekk kvilt seg etterpå. Han brukar ein gel å smørje på knea, og det løyser opp små blodårer.  Me har fått veden i hus. Mykje ved, for det vert vedfyring, og straum til å ta toppane, motsett tidlegare år. Klimaavtrykket får våge seg. Eg reiser ikkje på ferie til varmare strok, og et kortreist mat. Det er avtrykk det og. Så går eg framl...

August. Vekta bør ned.

  Eg ser at ein og annan er innom bloggen for å sjå om det er noko nytt. Men det er lite å skriva om, for alt er nesten med det same. Eg går min halvtimes tur kvar dag, og  er  ikkje godven med strikken for tida. Vekta er eit problem, som eg vedvarande strir med. Det er vanskeleg å gå ned i vekt i min alder.                              Eg prøver med meir grønnsaker, og et lite søtt. Det siste er at eg et berre ei brødskive til frokost, og elles salat. Grøn te er på menyen kvar dag. Likevel var blodsukkeret høgt då eg sist var til kontroll. Eg fekk ei liste over mat eg burde ete, men fann ut at det meste av dette et eg jo allereie! Det einaste eg kunne ete meir av, var nøtter og bønner. Dessutan burde eg ete karbohydratar saman med proteiner og fett.  I dag les eg på Facebook om eplesidereddiken sine slankande eigenskapar. Anbefalinga var ein kork eddik i eit glas vatn kvar morgon. Det skader ...

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mars

                                                      9. mars  Det  er fint ute. Varmt om dagen, og nokre kuldegrader om natta. Litt snø har me enno, men det er bra så lenge han ligg, slik at ikkje det som spirar og gror, og vert øydelagt av ei frostnatt.  Eg har likevel gått og sett om blåveisen på tomta har kome fram, men det er nok for tidleg. Eg såg likevel ein halsstarrig hestehov som kika fram i vårværet 9.mars. To dagar etter var det 25 cm snø og kulde, så då var han løynt. Det var frostnetter opp ril 10 minus, men no når veret skifta og snøen bråna, stakk han oppatt , like gul og fin som før. Livet kan vera skjørt, men jammen kan det vera seigliva også.  Elles går min halvtime kvar dag, og har eit 15 minuttars program med strikk dei fleste kveldar.  Litt lite, men betre med noko enn ingen ting.  Vekta er det store pr...

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!