No går opphaldet mot slutten. Det er varmt på Gardemoen, og dei grøne plantane som er sett ned for å gjere det triveleg, tørkar ut. Alle nyplanta tre har fått grøn plastsekk, og det kjem jevnleg folk med vasstank for å vatne. Spredarane går for fullt for å berge nykomarane, som det er mange av, men det er også ein del brune flekkar å sjå. Men kjem det regn, vert det fint og frodig innimellom steinørkenen. Det er eit stasleg annlegg, og eit vakkert bygg for dei som likar funksjonalisme. Huset er bygd kring to atrium, eit med tak over, og eit utan. Det har 4 og dels 5 etasjar, med plass til både hjarte- og lungesjuke, ettersom Glittre sanatorium også er lagt hit. Det er undersøkingsrom og behandlingsrom av ulike slag, kontor for ansatte, mange treningsrom og undervisningsrom. Det er pasientrom og hotellrom her, slik at pårørande kan være her kortare eller lengre tid. No har me fått ansvaret lagt på eigne skuldre, skrive om korleis vi vil leggje opp livet vårt når me kjem h...
Britt blogger fra et sykeleie