Gå til hovedinnhold

Til Elverum sykehus

Eg skulle over til Elverum sykehus.  Eg vart overført til eit anna rom, og møtte henne som hadde dotte 16 meter ned ei rulletrapp. Ho hadde vondt, og måtte flytte frå leiligheit og til  omsorgsbolig. Ho var alt i ferd med å selje.
Eg vandra i gangane, og drakk vatn, for eg ville ikkje å få hjerteflimmer på nytt.
På gangen fekk eg vite at ambulansen skulle kjøre om Kongsvinger til Elverum, for det var ein pasient som skulle dit. AMK på Gjøvik som dirigerte ambulansetrafikken i Hedmark og Oppland fann ut at ein omveg på ein og ein halv time var greit for ein nyoperert hjartepasient, så dermed fekk eg sightseeing Hedmark rundt.
Ambulansepersonellet henta meg på avdelinga, eg vart spent fast og rulla ned til bilen, og der var allereide medpasasjeren på plass. Så låg me der fastspende både over bringa og mellom beina, med dyne over oss og ambulansepersonell ved sida. Bilen rulla avgarde sørover mot Kongsvinger.
Ho som skulle til Kongsvinger verka litt sur, så eg kunne ikkje dy meg for å seie at : " Du er framme no, eg har like lang tid att" Men ho svara ikkje. Ein blir egoistisk av å vere sjuk.
På vegen opp Solør kjende eg at eg skulle på do. 1,4 l vatn måtte ut. Men i denne ambulansen var det ikkje bekken! Det var oksygen  og hjarteovervåking, og eg vil sei at det var nesten direktelinje  til presidenten i USA, men AMK som dirigerer ambulanser i to fylke med flatevidd på 52589,9 km2, og 385669 menneske , hadde nok ikkje tenkt på at folk skulle gjere sitt fornødne, og meir nødvendig for  dei som også får sightseeing som ein del av forflyttinga.
Flisa hadde utrykkingssentral, men ingen var inne, fann ambulansedama ut. Men dei kunne kome inn med kort! Så eg sprang inn mellom snødrivene i sjåføren sine sandalar nr. 45, og fekk halve Glomma på plass i dosluket. Det var godt! Eg vassa inn att i bilen, var gjord fast  att, og turen held fram gjennom Solør sine skogar. Mellom anna låg eg og tenkte på kor koseleg det hadde vore om helseminister Høie hadde lagt på den andre båra, og fått kjend sin eigen medisin, eller nokon andre frå helse og sosialkomiteen, helst nyopererte.
Kvart over fire var eg på Elverum, og vart skriven inn, venta på lege, vart undersøkt, og så måtte dei ha røntgen på nytt, for kva kunne ikkje ha skjedd medan eg låg fastspent på ei båre? Omsider klokka halv seks fekk meg eit tomannsrom. Eg var ihelsvolten, fordi eg ikkje hadde ete sidan klokka ni,  men middag var klokka 13på dette sjukehuset, og noko så glupt som ein Fjordlandmiddag for slike turistar som meg, hadde dei ikkje tenkt på.
 Det var berre å ete kveldsmat med boksepålegg, skinkeost, tomatsild og ost, og vere glad til. Eg slapp jo å halde maten sjøl, slik som i mange sjukehus i utlandet!  Eg vart mett, og preikestolen og eg tusla attende til rommet. Klokka var halv åtte, og det skulle bli godt å slappe av etter ein anstrengande dag, trudde eg.
Men nå var det tid for legebesøk, av to-tre legar etter kvarandre, med lytting og pusting medan eg sat   på sengekanten. Sjukepleiar tok blodtrykk og kom med medisinar, og eg måtte vegast.
( ikkje så rart etter ein heil fastedag!)
Og sist men ikkje minst, EKG av hjartet  og blodprøvar. Det siste var dråpen som nesten fekk det til å renne over, fordi blodårene mine ikkje lenger var lett å finne, etter å blitt stukken i tre veker.
Så vart det kveld, endeleg!
Vi har eit framifrå helsesystem i Noreg, eg meiner det. Du blir godt tatt vare på. Men av og til styrer systemet, og pasienten vert ein kasteball.  Helse og sosialkomiten burde prøvd å bli flytta nyoperert til lokalsykehuset !

Kommentarer