Så gjekk vi og steig i gangane, vi som venta på eit eller anna inngrep. Me stellte oss sjøl, men blodtrykk, blodprøvar, temperatur og vekt vart registrert morgon etter morgon. Blodtrykket hadde eg inntrykk av at sjukepleiarane brukte som tidtrøyte når dei ikkje hadde noko anna å gjera. Det var ofte du fekk målt blodtrykket!
Kantina var sjølbetjent, med 2 brødskiver innpakka i plast, porsjonspakker av smør og pålegg, mjølk, juice kaffe og te. Du henta deg det du ville ha, tok det med på rommet eller sette deg ved eit av dei 4 borda med plass til 6 på kvart.
Middagen var "Fjordland light", 8-10 rettar å velgje mellom, som ein varma i mikroomn på nokre minuttar. Tid stod på pakningen, så her var det vanskeleg å gjere feil. Næringsrik mat med mykje grønnsaker . Du kunne til og med få dessert, små beger med sjokoladepudding, karamellpudding eller fromasj. Frukt fann ein i små dessertskåler midt på dagen, så ein fekk det ein trong.
Redde forskremde i andletet, tydeleg kasta inn på avdelinga med hylande sirener i forkant, så og sei, nokre innvandrarar med familie, og andre venta på operasjon.
Ny værelseskamerat på meg lørdag ettermiddag. Det viste seg at ho eigentleg hadde influensa, og hadde fått hjarteproblem. Ho skulle feire sin store onkel diktaren sitt hundreårsjubileum, og enda på Ullevål i staden. Eg såg operasjonen min fly ut til venstre, og sette meg på gangen og forlangte å få eit anna rom utan influensasmitte. Det fekk eg.
Ho eg kom saman med hadde fått 2 vørterøl og ein kopp sjokolade på laurdagskvelden, enno ho hadde diabetes, så ho hadde sukkerverdiar på 17. Ho var raskt teke ned att til eit normalt liv, og klaga høglydt over den smaklause maten ho fekk sundag. Men etterkvart fann ho rytmen, fekk styrt søner og døtre til å gjere ærend og kome på besøk, så ho vart etterkvart så frisk at ho vart skrive ut. Ho lika å sjå TV på kvelden, og stor var bestyrtelsen hennar då ho skjøna at eg ikkje var så begeistra for "Farmen". " Ho likar ikkje Farmen," høyrde eg ho sa til ho til sonen og svigerdottera som var på besøk. Eg var ettertrykkeleg plassert utanfor det gode selskap. Men TV på daglegstua var ledig sundagskvelden. . Eg såg "Tore på sporet", så eg fekk og ei oppbyggeleg stund, eg og.
Utsikta frå vindauga var spesiell. Ein liten drosjehaldeplass der bilane skifta, ein liten park der folk hasta forbi, dei unge stega ut som det ingen fare var, medan dei eldre trippa av stad, klok av skade. Ein far hasta avgarde med sportstrilla. Det snøa og regna, men ungen sat midt i blåsten, utan hverken kalesje eller teppe. Den skal tidleg krøkast. Ein mann leidde ei ku av ein hund. Hunden ville ha regien, og mannen dingla for det meste etter. Tru kor lenge det vart for anten hund eller herre vart omplassert? Det nye parkeingshuset på Ullevål var rundt og arkitektonisk spesielt. Rett som det var, landa det helikopter på taket. i Det fjerne såg eg trikken til Ullevål, og dei store raude bussane. Det minna meg om den tid eg var student, budde i Ullevål hageby og ferdast i stroket.

Kommentarer
Legg inn en kommentar