Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2019

Statusoppdatering

Det er fint ver ute, og varmt.  Over 30 grader i skuggen gjer at det er best innandørs, eller i bilen med airkondition, i alle fall på dagen. Så då er det vanskeleg å få oppfylt sine 300 skritt om dagen, for morgonane er late, medan det enno er kaldt nok til å gå tur. Me når kvelden kjem, så er det ein sterk vilje som reiser seg, og så finn ein ei rute der ein får gått sine 3000 skritt alikevel. Strikken har visst tatt ferie, så det er ikkje ofte eg gjer øvingane mine. Men no er det første august i morgon, og då er det tida for å avslutte ferien! Det har litt lett for å bli med støttemedlemsskap på treningssenteret, men eg arbeider med saka. Med maten går det betre. Eg ser på GI, og prøver stort sett å halde meg til nedre del av skalaen. I tillegg skal eg ta opp att vanen med å ete formiddagsmat utan karbohydratar, og bruke berre grønsaker, ost,  bønner og kjøtt, og sjå om det hjelper på vekta. fortsatt god sommar!
Eg erv  framleis flink å gå mine 3000 skritt, og prøver å bruke strikk. I går var eg forresten på treningssenteret att! Kjempekjekt å trene, og kjenne at pulsen steig! Maten strevar eg med. Det er vanskeleg å gå ned nokre kilo. Men eg prøver.  Her er siste funn om mat og helse: GI indeksen, eller  Glykemisk indeks målar kor raskt, og kor mykje, ei matvare aukar blodsukkeret. Mat med lav glykemisk indeks påvirkar blodsukkeret og insulinnivået mindre enn mat med høg glykemisk indeks. Når ein et mat som aukar blodsukkeret, og drikk for eksempel cola, kjenner ein seg pigg med det same. Men fordi blodsukkeret aukar, vil kroppen tilføre insulin frå bukspyttkjertelen   for å senke det. Då fell blodsukkeret raskt, og ein vil kjenne seg trøytt, uopplagt og ha behov for noko søtt. Om ein då slenger innpå godis, brus eller kaker, vil blodsukkeret igjen auke, insulinproduksjonen i kroppen aukar på nytt og snart er vi like trøytte att. Dette er farleg, fordi det er l...