Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2020
Trene heime er eigentleg digg. Du kan gjere det når du vil, og gjere øvingar så lenge du vil. Men--- du har ingen rutine på oppdraget, så difor har det lett for å skli ut, i alle høve for meg. Derfor set eg der, etter 3 veker og skal gjere opp status : Gåtur, exellent. 20  av 21. Men så var det resten:  Bøying og vriding skulle eigentleg vera lett, for kjøkkenstolen høvde til det.  Eg vreid til høgre og venstre, bøygde meg mot golvet og taket. Det var effektivt og greit. Så fann eg fram det gamle roapparatet frå Arilds tid, som dei siste 4 åra har hengt på veggen og samla støv. Det var eigentleg meir effektivt enn roapparatet i Stangehallen, fordi eg her måtte bøya ryggen samtidig som eg rodde. Strikken fungerte som vanleg, og tredemølla var bytt ut med gåtur. Så eigentleg fungerte det bra. Bortsett frå at eg gløymde å trene, eller sette det ut, og så vart det berre 5-6  dagar for heile det flotte opplegget var borte. Sidan eg ikkje har hatt vondt i ryggen helle...