Båndspelaren vart levert inn forrige sundag, og i morgon skal eg på kontroll på sjukehuset.. Eg skal sykle, og ha på meg all verdens måleinstrument medan eg brukar han, forat dei skal finne ut kapasiteten på hjartet mitt. Eg er litt spent. Elles har me gått turar kvar dag, frå ein heil til ein halv time. Nokre dagar har me gått Brynsåsbakken, og det gjer godt å gå motbakke, og kjenne at hjartet slår fortare, pulsen aukar og ein pustar fortare. Andre dagar har me gått tur i marka, og kjent på lukta frå gran, furu og gras. Det har vore varmt, så vi har gått turar på morgonen eller på kvelden. Ein dag gjekk me ein bratt bakke ute i skogen. Det var tungt, men fint, og pulsen steig, og pusten auka. Elles er eg som vestlending litt skogredd her på Austlandet, og ser mangt eit rovdyr bak buskeleggane, mange fleire enn mannen min som er oppvaksen her austpå. Eg likar betre å kome opp i høgda og sjå meg omkring, enn å vandre langs granleggar. Elles har me gjort litt hagearb...
Britt blogger fra et sykeleie