Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2021

Rapport frå julhelga

 Det er kaldt ute. 19 kuldegrader, og snøen knitrar under føtene. Trea er kvite av snø, og rimet  har lagt seg utanpå greinene Eg er ute og går utan å kjenne vondt i bringa. Det er fantastisk å kunne gå slik, nyte naturen og sjå på alt det vakre.  Det er no nesten  to år sidan eg tok bypassoperasjonen, og fekk eit nytt liv.  Eg er takknemleg til Gud og menneske for å leve.  Rutinane er dei same. Eg prøver å gå mine 3000 skritt kvar dag, minst. Det hender eg tel med småturane inne i hust, turen for å hente posten eller på butikken for å få nok skritt. Eg har ein runde som tek 2500 skritt, ein annan på 300, ein tur den vesle parken  som tek 1200 skritt, så eg varierer litt, men om eg må gå ein ekstra tur til postkassen eller rundt byggefeltet for å  oppnå skrittmengde, så gjer eg det som oftast.  Eg har teke oppatt strikken, og lagt til nokre øvingar, så no tek programmet 10-12 minuttar. Det gjer godt, og eg kjenner at eg blir betre i form av d...