Gå til hovedinnhold

Frå frisk til sjuk.

Det er tid til å skrive for å gjere seg ferdig med det som hendte, og kose seg med å setje ord på hendingar.
Dette er ein subjektiv blogg, frå synstaden til ei som går frå sjuk til frisk, og ein hyllest til norsk helsevesen som fungerer når du treng det. Dessutan er det eit skråblikk på noko som oppleves annleis frå sjukesenga enn i ståande stilling. Verda mi er snill og sola går opp over alle.
Eg verka i brystet, det gav seg og kom att heile helga. Natt til tirsdag slo verken til før fullt, så i 5tida på morgonen hadde eg skrive testamente og oppgjeve Facebookkodane til næraste pårørande . Eg hadde ikkje lyst til å reise til legevakta i innfluensatider, men då Gunnar stod opp bad han før meg. Eg ringde fastlegen, og ho bad meg kome med ein gong  EKG før eg var innafor døra, og rett til Elverum sjukehus i det verste snøføret på denne sida av jul.Min trufaste som og har bakgrunn som ambulansesjåfør, køyrde, og nokre unge spirevippar som eg ikkje trudde hadde tatt artium ein gong, rådslo og sende med til Ullevål med ambulanse. Dei ynskte god tur på finnmarks og nordtromsk og nordtrøndelags desse ungdommane. Høg på morfin  og reima fast med delvis sirene for vi E6, og let etter oss den trufaste ektemannen med Ali kaffe som ikkje alltid kurerer gruff. Så 14.45 låg eg på operasjonsbordet, med velkomst på blidt sørlandsk. Eg var Queen of the day, nemt på namn, og forklart kva som foregjekk, kvartlite stikkk forklarte dei, og legen blokka ut innfartktet på fleire stader. Så diskuterte kva som måtte gjerast vidare. Eg ba til Jesus  at dei måtte ta rette beslutningar og gje gode råd. Men det fekk eg ikkje den kvelden. Men då eg kom til avdelinga, hadde eg fullført den vesle dialektreisa mi. Sjukepleiarane var frå Volda!
Kva hender vidare? Følg med på ei reise i Ullevåls indre😊

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!