Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2020

Eg traskar og går.

Legg til bildetekst       Trampolina står i gangen, ubrukt, ettersom eg ikkje finn føtene. Dei er nok gøymt på ein lur stad, slik at dei ikkje vert oppdaga før lenge etter at denne koronnakrisa er over.  Eg slit framleis med å gjere allsidige øvingar. Ikkje fordi eg ikkje har mange gode framlegg. Nettet fløymer jo over med kreative ideear : brusflasker fyllte med vatn, mjølposar, folk som tek sprettup i sofaen og har laga seg treningsløype gjennom heile huset. Det er ikkje forslaga det står på, men gjennomføringskraft i ein kvardag der det er enklare å strikke, lese og gå tur.  For min minst 3000 skritt lange tur, eller halvtimen som han tek, er eg trufast mot. Det kan vere ein runde i nabolaget, nokre turar i hagen, tur på butikken eller på kjøpesenteret. Telefonen er med, og tel skritta anten du har handlevogn eller katten som fylgje.  Telefonen er og fin for å dokumentere turen, eller ta bilete av blomar, bekker og trerøter som ser ut som dinosaurar . Eg...