Eg er litt mindre her inne no, kanskje fordi det ikkje er så mykje nytt å skrive om. Eg et sundt, går tur og dreg i strikken. Alt hjelper, og eg kjenner meg friskare enn på lenge. Eg har gått ned tre kilo sidan eg strta på denne heleferda, og er ngd, sjl om eg nok vil prve å få trivselsvekta mi eit stykke ned på 7.talet, sidan eg er så lita som eg er. Eg var på Elverum til kontroll, og vart skanna opp og i mente. Hjarta slo fint, og eg hadde fin puls. Det var litt forkalking på klaffane, men det hindra ikkje hjartet i å gjere jobben sin, så legen tok vekk hjartetabletten. Så no går eg på 5 tablettar: kolesterol, blodfortynnande, trykk og mage, og dei fleste blir teke bort etter jul, om alt går vel. Så sa legen: - Eg set deg opp til kontroll om to år! Eg fekk bakoversveis : Slepper dei meg no! Dette var jo så godt og tryggt å gå her, og bli sjekka opp med jevne mellomrom. Så tenkte eg: Dette er jo back to basic. Du har atter ansvaret for deg sjølv, og må ta avgjerdene om h...
Britt blogger fra et sykeleie