Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018
Her er liksom bere status quo. Eg går tur, brukar strikken, og tøyer og styrkjer musklar. Friskliven i kommunen ringde, fordi eg hadde meldt meg som interessert i tilbodet deira. Etter litt fram og tilbake vart me einige om at eg heller skulle ta hjertetrimmen  på  treningssenteret. Eg skulle dit mandag, men vart forhindra. Så får me sjå om det blir torsdag. Det verste er at på grunn av ombygging av vegen, har dei konstruert eit mellombels kryss/ rundkjøring som er for vidarekomne, og eg er ikkje der. Sist eg køyrde var eg på full veg nedover mot Minnesund, om eg ikkje kjærleg vart påminna av (side) mannen kvar eg skulle. Eg likar ikkje  konstruksjonen på rundkjringa, og det hindrar meg i fri ferdsel. Friskliven kunne og tilby bassengtrening i oppvarma basseng, og det melde eg meg på. Så kom mailen med beskjed at bassenget var under oppussing, og eg skulle få nærare beskjed. Ein gong. Det ventar eg på, trekkjer i strikken og går min halvtime kvar dag. Eg et sunt, og m...

Praksis heime

Så er opphaldet ved  LHL Gardemoen avslutta. Rart å kome ut av bobla med trening, foredrag og sunn kost, og prøve å setje all lærdommen ut i praksis. Stort sett har det gått bra. Eg har halde fast på den halve timen med gåtur kvar dag, og har vel halde det 6 av 7 dagar i veka. Nokre gonger har eg gått meir enn 30 minutt. Det har vore varmt, så vi har planlagt turane. Anten måtte vi gå før 10 eller etter 21, elles vart det for varmt. men no er det heldigvis meir normale temperaturar i sikte.  Eg har brukt strikk til styrketrening, og bunde strikken både i dørhåndtaket, på verandaen og i søylene ved utgangsdøra. Trur det hjelper litt på kondisen, det og. To av venene mine har og fått strikk i gåve frå meg. Men mannen min har ikkje byrja enno. Det blir nok. Eg har meldt meg innatt på treningssenteret, men ikkje starta opp enno. Kosthaldet inneheldt meir fiber, og eg et litt grønnsaker til alle måltid.  Resultatet er at eg kjenner meg mett, og har ikkje behov for søtsaker...