Gå til hovedinnhold

Klar

 Sonen vår fekk velferdspermisjon, og sidan han kunne kjøre i by, så kom han og mannen min innover til Oslo to gonger i ventetida. Det var godt å ha dei på besøk, sitje og prate, drikke kaffi og roe ned. Fysioterapeuten kom og snakka om kor viktig det var å vere i aktivitet etter operasjonen, og anbefalte å bruke preikestol i gangane. Ho gav meg ei lita fløyte som skulle hjelpe på pusten, der ein pusta inn, og så møtte ein motstand når ein pusta ut. Det såg nokså kjedeleg ut, men det viste seg at det var eit nyttig hjelpemiddel.


Kirurgen kom, og tok oss med inn på eit samtalerom som viste seg å vere kombinert dusj, toalett og samtalerom. Dusj og toalett til høgre, samtalerom med plass til 3 beint fram. Ikkje alle fasilitetar var like fasjonable, for å sei  det slik. Kirurgen hadde med eit kladdepapir, og fortel at det sannsynlegvis blir fire buypass, der det eine er i ei av hovedpulsårene. Han kjem til å bruke ei vene frå foten, og ser fort på venstre foten, og finn han bra. Det er viktig at eg ikkje har åreknutar. Mannen og sonen er med, og får same informasjonen. Det er ein alvorleg operasjon, men prognosane er gode. Som sonen min sa, 98% sjanse for at det skal gå bra, er gode odds.
Det var godt, og alvorleg å ta farvel då dei for. Eg dusja, vaska og skifta klede, fekk ny seng og blå sokkar på føtene. Klokka sju om morgonen skulle operasjonen vere, og eg skulle bli henta før det. Ringar og smykke la eg i håndveska, alle ting var pakka, og eg prøvde å få sove. Eg var roleg, for Gud var ved havsens yste grense, der eg skulle i morgon.  Ullevål hadde eit av landets beste hjartekirurgar, dei kunne sakene sine. Eg var ferdig, og søvnen
kom etterkvart.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!