Det var godt å vere heime i helga. Ein lever i ei boble når ein er på sjukehuset, så det var godt å kome heim og møte kallen og katten, vatne blomar og gå dei obligatoriske 30 minuttane.
Måndag var vi tilbake, og då var det såkalla pårørendedag. Kallen var med, men det var berre 3 ektefeller til, så det var ikkje det heilt store oppmøte.
Vi fekk innføring i det å vera pårørande, og det som sit att etter foredraget er at ein må vere opne med kvarandre. - Jeg kan ikke se hva du tenker, men jeg hører det du sier, var eit sitat som vart brukt. Det er viktig at både den tilfrisknande og familien snakkar om plager og forventningar.
Deretter hadde me stavgang ute i den vesle skogen attmed sjukehuset, og me gjekk så langt som til Nordbytjernet før me fekk øve på intervalltrening. Eg klarde to gonger opp bakken før me snudde. Dei som var mest trente klarde tre!
Etter lunsj hadde dei pårørande eige foredrag om hjartesjukdom, medan me andre hadde styrketrening med strikk. Sjøl om eg er fan av apparat, er det utruleg mykje du kan få til med strikk. Han kan du jo ta med deg overalt, så det er ei fin treningsform. Dei pårørande kom inn på slutten, og fekk sjå oss hinke og balansere, før me tøydde ut.
Kosthaldsteorien hadde som fokus å få oss til å vilje endre oss, og kor mykje små grep kan gjere.
Ektefellen forsvann, og eg kjende meg litt sliten etter helga. Men gode tankar fekk meg til å ta den frivillige økta i kondisjons- og styrkerommet. God kjensle både i kroppen og følelsane då eg var ferdig!
I dag har me laga lunsj på treningskjøkkenet. 8 rettar, med scones, knekkebrød, salatar, fiskekaker, supper, styrkedrikk og ovnsrett laga me på ein times tid, og kosa oss og vart stappmette. Mykje gode grønsaker, scones med aprikos og knekkebrød med mykje gode ingrediensar. Ser fram til å få oppskrifta!
Eg hadde samtale med sjukepleiar, og fekk det sedvanlege om litt for dårleg kolesterol og dessutan litt for lave triglyseoidverdiar. Blodsukkeret var litt høgt, men gjekk. under radaren. Håpar eg slepp meir medisinar.
Resten av teamet hadde utetrening, men det var varmt, så eg kunne ta 30 minuttar på sykkel. Det er forferdeleg kjedeleg å sykle så lenge, så eg gjorde mi individuelle tilpassing med litt løping og litt roing. Sånn sett er egentrening greitt!
Pasientombudet var her med info til hjertepasientar, men det gjekk meg forbi. Ho hadde visst snakka mest om pensjon, og han får eg ikkje gjort så mykje med.
Bassenget var ope, og eg symde nokre meter, kosa meg i varmt basseng og dansa litt til Rosenborgsangen før eg gav meg.
Ute i atriumet som det så fint heitte, var det ei som underheldt med vakker pianomusikk. Det klang så vakkert under det høge taket.

Kommentarer
Legg inn en kommentar