No går opphaldet mot slutten. Det er varmt på Gardemoen, og dei grøne plantane som er sett ned for å gjere det triveleg, tørkar ut. Alle nyplanta tre har fått grøn plastsekk, og det kjem jevnleg folk med vasstank for å vatne. Spredarane går for fullt for å berge nykomarane, som det er mange av, men det er også ein del brune flekkar å sjå. Men kjem det regn, vert det fint og frodig innimellom steinørkenen.
Det er eit stasleg annlegg, og eit vakkert bygg for dei som likar funksjonalisme. Huset er bygd kring to atrium, eit med tak over, og eit utan. Det har 4 og dels 5 etasjar, med plass til både hjarte- og lungesjuke, ettersom Glittre sanatorium også er lagt hit. Det er undersøkingsrom og behandlingsrom av ulike slag, kontor for ansatte, mange treningsrom og undervisningsrom. Det er pasientrom og hotellrom her, slik at pårørande kan være her kortare eller lengre tid.
No har me fått ansvaret lagt på eigne skuldre, skrive om korleis vi vil leggje opp livet vårt når me kjem heim, og fortalt det til idrettsansvarleg. Han syntes opplegget mitt høyrdes greit ut. Eg vil bruke styrketrening med strikk som øving når eg eg heime, og kanhende litt stor ball. Mannen min og eg skal fortsetje med å gå tur minst 30 minuttar kvar dag, og eg skal ta opp att støttemedlemskapet i Stangehallen, og gjere det om til aktivt medlemskap. Han tipsa meg om noko som kommunen hadde som heitte Friskliv, eit 12 vekes program for dei som trong rehabilitering eller å kome i form. We give it a try!
Hjå legen så fekk eg snakke om store og små plager, og han gjekk gjennom medisinlista mi, og foreslo ei endring. Vi snakka litt om arveleg dårleg kolesterol, og vart einig om at eg skulle ta ein DNA test for å undersøkje om eg hadde det. Om så er, kan det vere godt å vite for neste generasjon, tenkjer eg.
I går hadde vi egentreningstime, og då gjekk eg gjennom programmet me har fått med eigentrening med strikk. Då var eg heilt åleine i gymsalen, og fekk øve meg, og prøve det eg ikke kunne. Det gjekk greit. Elles har me hatt sirkeltrening, intervalltrening og trent styrke og kondisjon siste veka.
Uteaktiviteten gjekk eg glipp av, men det var visst stort sett frisbee dei brukte.
I dag har vi hatt pasientens treningstime, der me la opp timen sjølve. Oppvarminga var vals, noko som ikkje var like lett for oss med tommelføter, men elles var sirkeltreninga grei nok. I ettermiddag var det vår siste bassengtime. Vemodig. Eg kjem til å sakne dei.
Folk reiser i kveld, så i morgon vert det ikkje mange att. Me skal ha spinning som siste øving, og deretter hjertelungeredning. Eg trur det vert glissent på spinninga.

Kommentarer
Legg inn en kommentar