Eg tenkte eg skulle skrive litt ofte no når eg er på LHL, både for å fortrelje om kva som skjer, og fordi det kan vere godt å lese i ettertid.
Så her kjem eit lite referat frå slutten av veke ein på rehabiliteringskurset.
Torsdagen starta med stavgang, der vi først fekk opplæring i kor store stavar vi trengte, og øving i å gå med og utan stavar. Vi gjekk etter ein skogsveg ( ja, dei finns enno på Gardermoen), ein halv kilometer, og nokre av oss fekk trene litt i bakke, før me sette snuten heimover att. Greitt og ikkje minst sosialt, då ingen gjekk fortare enn det var råd å prate.
Så var det treningslære, der det vart lagt vekt på kva som skjer i kroppen når du trenar, og korleis ulike treningsformer verkar på deg. Trening skal vera moro, og ein bør velje noko som er motiverande.
Neste økt var det vektreduksjon for oss som trengte det. Det som sit best att etter økta, var korleis valget av matvarer kunne gje for mykje kaloriar. Ein kveitebolle kvar dag kunne resultere i 10 kilo overvekt på eit år, om du ikkje treng dei kaloriane som er i bollen. Val av saus til middagen var og viktig. Det er forskjell på bearnesaus og sky. 500 kaloriar.
Styrkrtreningsøkta starta med oppvarming på kondisjonsrommet. For hjartesjuke er det viktig med 10-15 minuttar oppvarming, for å være i stand til å gjennomføre ei økt. Me fekk eit program som innebar styrketrening for dei fleste muskelgruppene. Sjøl syntest eg det var særleg godt å få styrke brystregionen og armane. Eg kjenner dei har veikna dei siste månadene. 8 ganger med så mykje vekt du tåler, og tre repetisjonar var anbefalt.
Det var ope på kondisjon og styrke på kvelden, men eg syntest eg hadde gjort nok. Eg åt middag, og kvilte ditto, før eg åt kveldsmat og slappa av.
Fredag var det først motvasjonsendringsteori. Ei interessant økt, der me først lærte litt motivasjonsteori. Det tar eit halvt år å endre seg, og så må ein vedlikehalde etterpå. Litt ettertanke på kva som var vår indre motivasjon, og kva som gjer at det buttar imot.
Eg fann ut at min motivasjon er at eg vil leve. Så får eg prøve å ta dei endringane som skal til.
Spinning hyrdes skummelt ut. Eg hadde sett at det tok berre ein halv time, så eg tenkte:- Let go! Eg hadde jo ingen treningsrestriksjonar. Ein velviljug medvandrar justerte sykkelen for meg, og eg kvidde meg til det smale sykkelsetet. Det gjekk over forventning, og instuktøren tok oss gjennom sykkelturen med slakke økter, ståande spurt og avslapping. Musikken gjorde det faktisk litt morosamt. Me fekk beskjed å være i bevegelse når me hadde pause, og så var det på an igjen. Litt stolt var eg då eg heldt ut til enden, og gjekk gjennom avspenningsøvingane til slutt! Eg hadde greidd det. Og økta var ein time, ikkje ein halv!
Etter lunsj var det sirkeltrening i gymsal. Det var ikkje noko stri økt, men du skulle gjennom alle ti postane, kaste ball, ro, ta pushups, spele badmington, reise deg og balansere. Etterpå var det rikeleg med uttøyingsøvingar, før me kunne ta helg. Velfortent, spør du meg.

Kommentarer
Legg inn en kommentar