Gå til hovedinnhold

Kontroll og tida etter.

Så har eg vore på kontroll på Elverum sykehus.
Vi gjekk trappene til 3.dje etasje, og venta både lenge og vel før eg endeleg kom inn til kontroll.
Det var varmt den dagen, og då eg kom på sykkelen, var det best å sitje lett påkledd. Eg sykla i ti minuttar med aukande motstand, og det gjekk fint, med oppmuntrande tilrop frå sjukepleiar og lege,.
Eg hadde på meg måleinstrument, og sjukepleiar og lege fylgde med ettersom eg trakka meg fram.
Eg hadde fin fart etter alderen, og fekk beskjed om at det var greit. Men pusten kom ikkje opp, så legen trudde at hjartemedisinene hemma lungekapasiteten. Eg vart difor sett på halv dose hjartemedisin. Dessutan fekk eg ta bort den eine blodfortynnande, så no har eg "berre" to . Dei skal eg ha eit år, for sikkerheitsskuld. Magen og avføringa har betra seg litt, men eg har framleis laus mage. Ser ut som det er noko eg må leva med. Det er ei lita plage. Eg er takksam for livet, og at eg er så sprek som eg er.
Vi held fram med å gå, mannen min og eg, men i denne varmen vert det helst gått i nærområdet om kvelden, Minimunsturen på ein halv time. Det får vera nok. Eit par gonger har me gått bakken. Eg merkar at eg pustar meir, og at hjartet slår fortare. Det er jo eit friskdomsteikn, ettersom eg går på mindre medisin!
Såra gror, men eg må dekke dei til for sola, så dei ikkje vert solbrende. Eg har mange kledelege sjal i halsen for tida, og syrgjer for side bukser og skjørt. Aldri så galt at det ikjje er godt for noko.
Men eg fekk fullført eit anna mål eg hadde sett meg sist veke. Eg gjekk den gamle vegen mellom Hodnesdal og Soddalsskaret. Det er ein veg på berre 15-20 minuttar, men var vegen far min køyrde bil før det vart bruutløysing til heimbygda mi i 1949.
Ein fin tur som du kan lesa om på den andre bloggen min, Mangt eg minnes som ligg på Britts blogger på Facebook.
No ser eg fram til hjarteskulen på Gardemoen i slutten av månaden.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!