Gå til hovedinnhold

Dei to første dagane på opptrening

To dagar på hjarteskulen er nå til endes. Eg har fått innføring i kondisjons- og styrkeapparat, og lært kva som er godt for dei ulike muskelgruppene, og prøvd apparata. Det var moro! Fine og nye apparat, nesten ikkje brukte, og med alle dei siste finessane. Fysioterapeuten som fylgde oss, peika på manualar og strikk som alternativ, og meinte dei var betre, men eg må tilstå at eg likar mekaniske innretningar. Eg er nok arveleg belasta, trur eg.
I går ettermiddag var det ope basseng. Eg merka at det var lenge sidan sist eg hadde vore i vatn, så det vart symd fire lengder, med pausar, før eg tutla meg på land og tok kvelden.
I dag har me hatt enkel trening i gymsal, der me stort sett hadde ulike gåøvingar, og trening på å lære namna på alle. I ettermiddag var det bassengtrening. Det var moro, for ein vert jo meir vektlaus i vatn, så me trena på å gå på ulike måtar, bruke hendene, flyte og symje med hjelpemiddel. Ei flott økt.
Teorien i dag var interessant. Det handla om hjartesjukdom, der me fekk innføring i ulike sjukdommar og korleis dei kunne behandlast. Ein såg bilete av årer med og utan åreforkalking, og fekk grundig innføring i dei risikofaktorane som var vanlegast for å utvikle innsnevringar i blodårene. Vi fekk sjå ulike måtar å blokke ut årer på. Etterpå hadde eg samtale med ernæringsfysiolog om kost, og me vart enige om at eg skulle ete lunsj med berre ulike typar grønnsaker i staden for å bruke brød til kvart måltid. Heime bør eg kutte ut sjokoladebiten og den kaka eg av og til et på ettermiddag.  Målet mitt er å gå ned 5 kilo, og så får me sjå om det let seg gjere.
Stress var neste punkt på programmet. Ikkje så mykje nytt, men ei nyttig påminning om at ein burde stresse ned. Stress startar i tankane, og dermed får ordtaket : - Det er ikke korleis du har det, men korleis du tar det, ei god meining.
Her er varmt og fint, tropevarme for det meste, så det er betre å vere inne med luftavkjøling enn å vere ute.
Ha ein fin kveld!

Kommentarer