Me var oppe grytidleg, for me skulle vera på sjukehuset 8.30, og hadde funne ut at det var best mannen køyrde, for det tok kortare tid enn toget. Me kom fram i tide, etter å ha brukt E6 siste delen av vegen. I 4 etasje vart me teke vel imot, eg fekk rom og beskjed om å bytte til treningsklede og møte opp til innskrivingsssamtale. Mannen min reiste att, og eg sat. Ein time, to timar... folk kom og gjekk, og den eine etter den andre vart teke inn til samtale, berre ikkje eg.
Sjukehuset var stort og fint og nytt, med trapper og heisar og resepsjon i kvar etasje. Folk hasta til og frå. Alle hadde det travelt, og eg sat. Eg gjorde meg ein tur i resepsjonen og lurte på om eg var registrert, noko eg visst var, men ...
Etter to timar og eit kvarter fekk eg endeleg ein samtale med sjukepleiar, og vart kartlagt. Eg fekk beskjed å ete lunsj, men ikkje for mykje, for eg skulle ha kondisjonstestar like etterpå. Ja., det lova godt, så eg sat der og venta, og venta og venta litt til. Folk kom og gjekk, og dei som kom 12 og eitt slapp inn, men eg sat der. Vi kom i prat vi som venta, og hadde mange gode forslag til korleis dette kunne løysast: -Vi hadde jo mobiltelefon, så dei kunne jo kalle oss inn med den! Ei anna foreslo samme system som på restaurantar: Ei brikke som lyste når det var din tur! Så kunne ein rydde rommet, kvile og lese medan ein venta, i staden for å sitje i dei same stolane! ( stolane var gode, dei!)
Etter vel to timar var eg inne til test. Eg vart måle og vegd, måtte puste og blodtrykket måtte dei jo ta. Så fekk eg samtale med lege, og så skulle eg ha den berømmelege kondisjonstesten, på tredemølle denne gongen. Men før eg kom så langt, vart eg påkledd som eit lite romvesen, med elektrodar og strikkebrynje for å halde elektrodemålaren fast, blodtrykksmålar, og sist men ikkje minst ei pustemaske med ledningar til datamaskinen for å observere pusten. Dumt eg ikkje fekk teke ein selfie!
Trur eg må be om det neste gong.
Ein lege kom inn og observerte, og tok blodtrykk både før, under og etter seansen.
Instruktøren viste meg noko som heitte Borgs skala der intervalla gjekk frå " ingen anstrengelse overhode" til " Lett" og " Maksimal anstrengelse". Fargekodar illustrerte det heile, frå grønt til gult, blått og rødbrunt. Eg må tilstå at eg bad ei bøn til Vårherre om å overleva, og tenkte: - Kva har eg gjeve meg ut på?
Tredemølla starta, og eg gjekk. Lett i byrjinga, men tyngre, og tyngre. Fekk beskjed om å løfte både føtene og augo, men eg må tilstå at eg lukka dei, og såg meg sjøl i ferd med å bestiga høge tindar mens eg pusta og pesa : - No var eg snart på toppen..! Eg trur nok eg var på den brungule fargekoden ei stund, før dei sette ned farten og let meg gå ned att mot null. Legen målte blodtrykket både ein og to gonger, vart betenkt, men så var alt positivt likevel!
Det positive var at eg kunne trene som eg ville, utan restriksjonar av noko slag! Gamla var i betre form enn ho trudde, skjøna eg. I overmot gjekk eg trappene opp til rommet, berre for å koma på at eg hadde 7 minuttar til informasjonsmøtet tok til- i første etasje.
Eg rakk å skifte, tok heisen nedatt, og fekk med meg info om både det eine og andre, og så fekk me sjå treningsromma,der det var nye styrketreningsapparat, kondisjonsrommet med mange nye kondisjonsinnretningar. Me fekk sjå eit tomt rom som vart bruka mest til dans. Svømmebassenget var så varmt at du nesten kunne steike egg der, med sine 32 grader og varm og fuktig luft. Det var spinningsal, stavar om du ville gå ut.... ja, her blir det nok fysisk aktivitet både morgon og kveld.
I tillegg vert det sjukdomslære, treningslære, stressmestring og vektreduksjonsteori.
Eg får ei interessant veke!
No har eg testa middagen med mange gode grønsaker, fått internett til å fungere, og svara på ein spørjeundersøking frå ein psykolog. Han fekk meg til å innsjå at eg er ganske nøgd med livet.
Eg ser fram til morgondagen, og har nesten gløymd all ventinga. Det er sikkert mykje som skal klaffe for dei som testar og samtalar. Men for dei som ventar, og er seg sjøl nærast, går det tregt og lite effektivt. Ha ein god kveld!

Kommentarer
Legg inn en kommentar