Gå til hovedinnhold

Turstigar og blodtrykksmåling

Så vert det reine treningsbloggen, dette Ja, ikkje alle dagar er like, men kvar dag har eg gått minst ein halv time. Det har blitt ein vane, slik at ein føler det at ein må ut og gå. Det tar 8 veker å endre ein vane, var det nokon som sa. No er eg der.
I går gjekk me skogstur igjen. Eg har kjøpt meg turkart over området, og sat heime og studerte turvegar i nærleiken. Fann vegen til hanKristian Lien  som gjekk 6,5 km gjennom skogen til Ådalsbruk på arbeid kvar dag, sommar som vinter. No har han fått stigen oppkalla etter seg, og folk går treningsturar på stigen hans. Sjølv gjekk han der for å sikre eit utkome til seg og sine. Han måtte dit, for korkje sjukepengar elle uføretrygd var kome enno. Tidene endrar seg.
Vi fylgde ein gamal taktorveg nedover lia, og nytte stilla og skogen, sjøl om me nok høyrde E3 nær oss, så heilt stillt var det ikkje. Halvvegs nede i dalsøkket fann me stigen til garden hans Kristian Lien. Det var 0,8 km, og me fann ut at det var høveleg for oss. Me gjekk gjennom tett skog og nyhogd skog, over fellt tre og under tre, balanserte i utkanten av bekkefar og fann vårblomar, både kvitveis og blåveis. Ja, også hestehov, han var mange stader. Vi fann ikkje Lien sitt hus, men kom ut på storvegen. Der traff vi ein eldre mann med gåstol som fortalde han var barnebarnet hans Kristian, så verda er liten! Vi gjekk storvegen til bilen, og køyrde heimatt. 50 minuttar tok turen, men det er helsebot i å gå i skogen!
Det er fleire slike korte greie skogsturar i området! Det blir spanande å prøve dei ut!
Dei ringde endeleg frå Elverum sykehus i dag. Fredag kl.8.00 måtte eg kome og få på meg overvåkinsutstyr, og det skal eg gå med heile helga! Det blir 74 blodtrykksmålingar det! Ja, ja, noko skal ein bruke helga til og!  Dei vil ha at apparatet kl.8.00 mandag morgon, så dei korkje søv eller slumrar lenge der oppe!
Så har eg fått dato for kontroll. Gled meg til å sleppe den eine blodtrykkstabletten! Forhåpentlegvis blir det mindre toalettbesøk av det!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!