I dag har eg vore på Elverum og fått båndspelar som skal måle hjarterytmen. Den skal ikkje ta blodtrykket, så eg slepp 74 målingar av trykk!
Me skulle møta tidleg, så me var oppe 6, for me måtte ha ein time for å vera sikker på å koma tidsnok. Akkurat i dag regna det trollkjerringar på tvers, så eg var glad mannen min var med som sjåfør. Vi kom tidleg fram, og etterat eg fekk til å bruke appen på telefonen å betale parkeringa med, gjekk me inn. Me var tidleg ute, og gjekk trappene opp til 3dje etasje i staden for heis. Eg var nesten ikkje andpusten, og det kjendest som ein siger.
Vel oppe ser me at me nok er i den gamle delen av sjukehuset. Det stod ferdig i 1925, så det er snart 100 år gamalt. Høgt under taket, breie korridorar, mursteinsmurar og gamle dører. Toalettet som eg sjølsagt måtte besøkje, såg ut frå å vere omtrent frå starttidspunktet. Men eg fann ut korleis eg skulle takle døra så eg kom både inn og utatt.
Venterommet Hadde mbla frå 5-talet, og eg kan tenkje meg at det var kaldt om vinteren.
Men då eg kom inn, var sjukepleiaren omtenksom og gav seg tid til å prate. Ho fortalde kva hjerteflimmer var for noko, og kvifor dei var redd for at eg skulle halde fram med å ha det. Det var slik at signala i øvre delen av hjartekamra sende andre signal og overprøvde signala frå sinusknuten. Dermed vart det ekstraslag og hurtigare slag- om eg forstod det riktig.
Eg vart målt og vegd, og så tok dei blodtrykk og puls både medan eg låg og sat.
Alt verka greit, og så fekk eg påmontert bandspelaren, og plastra den fast.Han var liten, og hadde ein knapp som eg kan trykkje på om eg fekk smerter.. Eg skal ha han til sundag føremiddag, og så levere han.
Tre kvarter etter var me på veg heim, og no lever eg som normalt, medan eg eigentleg vert overvaka.
Men eg trur det går greit

Kommentarer
Legg inn en kommentar