No har snøen blitt borte i skogen, og i forgårs gjekk me første skogsturen. Det var annleis. Oppoverbakke, ikkje så stridt eigentleg, men nok til at me måtte stoppe og puste på nokre gongar. Vegen var slitsom, og skorne våre var ikkje laga for skogstur, så ein kjende steinane gjennom sålane.
Det var lite vårblomar å sjå enno, men snøen hadde smelta der det ikkje var altfor onnesolt. Elgen hadde gått føre oss, men me såg han ikkje. Det høyrdes ut som nokon dreiv og øvelsesskaut borte i skogen, men heller ikkje dei såg me.
Vi sat på eit nedfelt tre og nytte stilla ei kort stund, men det sit i beinmargen at du skal være varsam med å sitje utan underlag ute i naturen før telen har gått. Vi tutla nedover att, og køyrde heim over Brynåsen, nedover der me har streva oss oppover så mange gonger.
Elles har vi gått litt lite siste veka, men i overkant av halvtimen har det vorte kvar dag. Eg trekkjer pusten djupt, og prøver elles å leva så sundt som mogeleg, men er litt freista av å ete meir sjokolade ein dei tre rutene eg gjev meg lov til å ete kvar dag.
Eg har hatt laus mage og diare ein fjorten dagars tid. Fastlegen og eg vart einig om å la vere koletreroltabletten, men det gjorde det heile verre, så han har eg starta opp att med. Eg må sørge for å tømme meg før eg skulle på tur, elles gjekk det gale. Dessutan tyr eg til gamle kjerringråd: blåbærsaft, potetmjøl og te. Alt hjelper til ei viss grad, men det har vore og er mykje laus mage. Då eg ringde sykehuset, sa legen at det var mulig at tablettane var årsaka, men han var ikkje viljug til å ta bort noko av dei blodfortynnande medisinane før eg har vore til kontroll. Eg går på tre stykke for øyeblikket. Så no vonar eg at innkallinga til sjukehuset på Elverum kjem snart.

Kommentarer
Legg inn en kommentar