Gå til hovedinnhold

August. Vekta bør ned.


 Eg ser at ein og annan er innom bloggen for å sjå om det er noko nytt. Men det er lite å skriva om, for alt er nesten med det same. Eg går min halvtimes tur kvar dag, og  er  ikkje godven med strikken for tida. Vekta er eit problem, som eg vedvarande strir med. Det er vanskeleg å gå ned i vekt i min alder.                             

Eg prøver med meir grønnsaker, og et lite søtt. Det siste er at eg et berre ei brødskive til frokost, og elles salat. Grøn te er på menyen kvar dag. Likevel var blodsukkeret høgt då eg sist var til kontroll. Eg fekk ei liste over mat eg burde ete, men fann ut at det meste av dette et eg jo allereie! Det einaste eg kunne ete meir av, var nøtter og bønner. Dessutan burde eg ete karbohydratar saman med proteiner og fett. 

I dag les eg på Facebook om eplesidereddiken sine slankande eigenskapar. Anbefalinga var ein kork eddik i eit glas vatn kvar morgon. Det skader jo ikkje å prøve, så no er det eplesider i vatn kvar morgon, for å sjå om vekta går nedover på den måten. 

Eg var jo godt i gang med å få vekta ned, og hadde gått ned 3 kilo, men  så kom ei langhelg med gode vener, og då for vekta opp att, sjøl om eg prøvde å vera forsiktig.  Men eg har gått ned tre kilo igjen, det såg eg på vekta i dag! Så det er å halde fram med det gode arbeidet,  drikke vatn,  være moderat med matinntak, og håpe at eg klarar å kome meg ned nokre kilo til.  Målet torer eg nesten ikkje å nemne:  10 kilo. Då hadde eg vore fornøgd.  7 kilo til- eit stort og hårete mål i min alder, i alle fall.  

Det er jo elles ein god sesong for alternativt matinntak. Det bugnar av bær i hagar og i skogen, og frukt er det mykje av.  Eg fekk nett tilbod om å plukke plommer, og me var avgarde og plukka ei bøtte. Noko vert ete, og elles vert det litt saft og syltetøy. Eg har safta mykje i år, for eg fekk ein del overmodne bringebær og jordbær.  Ei heil bøtte blåbær fekk eg og på døra, så då vatr det blåbærsaft. Den sette barnebarna pris på!

Like i nærleiken er det eit gardsutsal med grønsaker. Blomkål, salat, bønner, grønkål, persille og brokkoli for ein rimeleg penge. Så er det friskt og nyplukka frå åkeren.  Det er berre å fråtse i grønsaker denne hausten. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!