Gå til hovedinnhold

Mars


                                                      9. mars


 Det  er fint ute. Varmt om dagen, og nokre kuldegrader om natta. Litt snø har me enno, men det er bra så lenge han ligg, slik at ikkje det som spirar og gror, og vert øydelagt av ei frostnatt. 

Eg har likevel gått og sett om blåveisen på tomta har kome fram, men det er nok for tidleg. Eg såg likevel ein halsstarrig hestehov som kika fram i vårværet 9.mars. To dagar etter var det 25 cm snø og kulde, så då var han løynt. Det var frostnetter opp ril 10 minus, men no når veret skifta og snøen bråna, stakk han oppatt , like gul og fin som før. Livet kan vera skjørt, men jammen kan det vera seigliva også. 

Elles går min halvtime kvar dag, og har eit 15 minuttars program med strikk dei fleste kveldar.  Litt lite, men betre med noko enn ingen ting. 

Vekta er det store problemet. No har eg gått opp 2 kilo. Eg vart lei blomkål, og har nok ete for mykje brødmat og kaker, tenkjer eg. Det er demotiverande å prøve vekta. Eg prøvde å bytte batteri, men ho stod på det same. Må nok berre innrømma at eg har vore slapp. Men no fann eg ein nettstad på facebook der dei viser små videoar med enkle rettar, og ein del av dei er med grønnsaker. Smarrig .tv. heiter det.  Så no har eg bebuda for min betre halvdel at det blir to middagar for veka med grønnsaker.   MGD Lan - hørte du? Her har eg sukka over deg og alle stunta dine i Oslo, der du feller tre og plantar nye  til 370 000 pr. stk, der du lagar sykkelvegar og arbeidsskur som ingen brukar- og så et eg grønnsakmiddag frivilljug, som ein vaskeekte klimafantast!

Men eg gjer det for å slanke meg, ikkje for miljø, hugs det. 

Oppskrifta eg fann såg god ut, og smaka godt. Du fekk nesten kjensla av at du åt kjøt. Du koka kål og steikte løk, blanda med semuljegryn, egg og krydder, og steikte blandinga med ost inni. Til tross for at eg kutta kålen for lite og brukte sesamfrø og maisenna, så var det bra på smak. 

Mannen min steikte seg fiskekaker sjølv i går (!), men tok blandinga mi  med  grønnsaker attåt
.  Han har nok lagt på seg for lite til å ete berre grønnsaker! 


22. mars

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!