No er det ikkje nokon stor prestasjon å gå her på indre østland for tida. det har vore så turt at jorda slår sprekker, og ein tekjer på afrikanske tilstandar.
Det er litt til og frå med styrketrening. Eg har mine mål, men ikkje alltid den sida av livetvert oppnådd. Eit prosjekt med å rydde i vedskjulet hjalp litt. Det har blitt slik i denne bakvendte verda, at ved er blitt ein ressurs ein må ta vare på. Så ved er stabla, og turre små greiner som var attgløymt i ein binge var plutseleg verd å ta vare på. Eg grov meg ned gjennom haugen, og jamen vart det ikkje 10-12 sekker med opptenningsved av det ein ikkje vyrde på før straumkrisa kom. Me fyrer med ved, og lar varmepumpa stå. Førebels er det greit.
Så skal eg ut og spa om nokre bed. Trussel om matvaremangel får ein til å tenkje nytt også her. Litt grønnsaker vert ein matauk, og så sparer ein dei pengane. Samstundes er kortreist mat sunn og usprøyta.
Maten er det andre problemet. Eg er glad i mat, og likar rolege aktivitetar. Så fann eg ut at det var ein diett som heitte 5-2. Den går ut på at du et vanleg 5 dagar for veka, og lite 2 dagar for veka. Det har fungert sånn nokonlunde, så eg har gått ned 5 kilo på eit halvt år. Det er enno litt att, og no har eg streva svært for å vippe over på 3 tallet, men me får håpa det går i løpet av mai. Eg et to egg med tilbehør til frukost, ei appelsin eller liknande til lunsj, og noko tilsvarande til nons, og så blir det suppe med litt ekstra til middag. Det fungerar forbausande bra!

Kommentarer
Legg inn en kommentar