Tida flyg. No er me alt i november, og dagane er korte. Eg har vore ute og rydda litt forfallande, sett inn nokre hagebord og stolar, flytt på plass krukker og altankassar for vinteren, og teke inn parasollen. Hengekøya er for lengst inne, men sittevarianten kom innomhus no. Eg har venta litt, så ho tørka opp. Det er litt vemodig med dette høstarbeidet, for ein veit at dagane blir kortare, det blir kaldare og meir utriveleg ute. Hausten har jo sin sjarm, med haustfargar som vert meir og meir bleike, men no som blada vert borte frå trea er det stussleg. Kallen sette på vinterdekka på bilen, og kjende på sltasjen i knea. Men det gjekk bra, når han fekk kvilt seg etterpå. Han brukar ein gel å smørje på knea, og det løyser opp små blodårer.
Me har fått veden i hus. Mykje ved, for det vert vedfyring, og straum til å ta toppane, motsett tidlegare år. Klimaavtrykket får våge seg. Eg reiser ikkje på ferie til varmare strok, og et kortreist mat. Det er avtrykk det og.
Så går eg framleis mine 3000 skritt for dagen, fordelt på ein til tre økter. Eg et sundt, og har klart å gå ned fire kilo, og er så vidt i gang med det femte. Det vert ca. eit kilo i månaden, men eg beheld vekta, og det er jo bra i min alder. Eg drikk vatn med eplesider om morgonen, og et salat og berre ei brødskive. Så et eg to skiver til lunsj, og 2 skiver eller eit kakestykke til kaffi. Eg prøver å begrense middagen litt, men har oppdaga at eg treng litt feitt eller rømme eller noko for å få mettheitskjensla, for ikkje å finne noko meir å eta seinare på kvelden. Men ved å ikkje ete seg skikkeleg mett har eg altså klart 4 kilo, og er på veg ned! Det er godt å kunne sei det!
Eg held på å lese Trond Viggo si bok om aldring, og finn eit og anna gullkornet om aldring. Han meiner at vi ikkje skal bry oss om alle vondtene, men heller sjå at det går seg til utover dagen. Dessutan er han veldig ivrig på at all bevegelse ein gjer er god, og at litt er betre enn inkje. Det er viktig å bruke kroppen litt, og å øve og halde vedlike balansen. Så kan ein drive moderat styrke-, kondisjons -og bevegelsestrening. Eg la meg det med balanse på minnet.
På kveldturen i går var det stjerneklårt. Himmelen blinka med mange lyspunkt. Det var både Karlsvogna og Orions belte.Vi møtte ein nabo som tala om fordelen av å bu på landet. Då såg ein stjernene. Dei slapp å konkurrere med alle lysa i byen. Han har eit poeng!
Ein tur til Molde i haust. Godt å sjå barn og svigers og barneborn. Dei held oss unge.
Turen til Bergen var god å vond. Godt å møte slekt, vondt å ta siste farvel med ein kjær ven og svoger.
Vi er sterke og skjøre, vi menneske. Livet er uendeleg kjært, men på andre sida ventar vårt opphav, om me har teke imot han i dette liv.
Kommentarer
Legg inn en kommentar