Gå til hovedinnhold

Februar

februar er kort, og det vart dette og! 

Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på. 

Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena.

Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur! 

Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!  

Kommentarer