Gå til hovedinnhold

Opptrening

Ja, så skulle eg trene meg opp. Utan preikestol og andre hjelpemiddel. Det var vinter og kaldt, mange kuldegrader, men det skulle ikkje ha noko å sei, sa dei på sjukehuset. Eg hadde jo ikkje hjarteproblem lenger, etter operasjonen.
Så eg las i medbrakte broskyrer, og fann ut at 10 minuttar to gonger om dagen skulle ein byrje med.
Eg kledde meg med luve, vottar og sjerf, og stavra meg tre gonger fram og tilbake til postkassa, tilsaman i underkant av 100m, og syntest eg hadde vore flink! Eg la ut selfie på familiesida på Facebook, og gjekk innatt og kvilde meg på laurbæra- dei to neste dagane. For då eg las det med små skrift, fann eg ut at dei første dagane måtte ein ta det med ro, og akklimatisere seg.
Så eg gjorde det.
Det var kaldt framleis, så vi reiste deretter til Coopen og eg brukte handlevogn som preikestol. Eg syntest eg var sprek da eg gjekk gjennom heile butikken, og utatt i bilen. Me kjøpte "verdens beste", for det var fødselsdagen min, og vel heimatt koste vi oss med kaka.
Dagen etter skulle vi ta første tur på gangvegen. Eg hadde rekna ut at 10 minuttar var ganske langt, men innsåg at 10 minuttar i min tilstand ikkje var særleg langt. Eg hadde ikkje same kondis som før!
Mannen min fekk meg til å snu, og det var godt, for ein skal heimatt same kor kort distanse ein har gått.
Kaldt var det, og me måtte bruke kreativitet for å få gått dei 10 minuttane eg burde gå. Vi drog på butikken, og snirkla litt fram og tilbake for å få nokre minuttar ut avdet. Ein dag drog vi på Ikea for å kjøpe medisinskap, og der var det rikeleg med gåplass for ein rekonvalesent! Men vi tok heisen mellom etasjane. Så driven var eg enno ikkje, at eg trudde meg til å gå trapper.
Søndag var eit nytt prpblem: 15 kuldegrader ute, så me måtte vera kreative! Museum? Nei, det var berre ein fotoutstilling for barn.
Løysinga vart Løten lys, ei lokal bedrift med lysutstilling i 3 etasjar, og open på sundag. Så vi tusla oss gjennom juleutstilling med raude lys og julenissar som song julesongar, gjennom utstilling med lys i alle fargar, og fann til slutt påskelysa. Vi kjøpte ei høne, og så var påskepynten i hamn. Vi fann fødselsdagspresang, og gjekk faktisk opp i dei øvre etasjane. Skikkeleg opptrening den dagen! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!