Gå til hovedinnhold

Pust, pust, pust!

Livet er trening. Trudde aldri eg skulle sei noko slikt. Men kvardagen har blitt sentrert om å gå tur kvar dag, og trene opp hjartet og lungene igjen.
Då snøen for, og det omsider vart turre vegar, fall auga på ein lang bratt bakke like bak huset. Den går til Brynsåsen.
Mannen min vart heldigvis med å gå, og me starta med å gå til første svingen, og så vart det ti- tjue meter lengre for kvar gong. Det var stridt, for det var tungt å puste, og eg måtte stoppa på.
Nokre dagar verka det i ledda, og andre dagar var formen av ein eller annan grunn dårlegare.
Vi såg ein hestehov som trassig sette hovudet opp, trass i kuldegrader på 8-10 om natta, og dagen etter såg vi avkommet. Dei heldt ut, og nå er det hundrevis av hestehov når vi går oppover bakken! Våren bryt fram.
Men eg kreka meg oppover, og fekk utsynet over bygda, såg på byggeplassane på byggefeltet, og kom opp i svingen til ein einebustad der folk la ut mat til fuglane, og ekornet klauv på granleggane. Morosamt å stå å sjå på  medan ein fekk att pusten.
Me runda svingen, såg på teleløysinga og  sleoit oss oppover, timeter for timeter. Mannen min hadde vonde hofter, men fann ut at turane gjorde godt for han og. Til slutt kom vi rundt svingen, og såg toppen. Vi gjekk til søppelkassane og vegkrysset.
Det var litt av ein siger å stå på toppen, og sjå innover. Me kjende oss nesten ikkje att, for fok hadde felt så mykje skog på toppen av bakken. Det tok ein månad å nå toppen, men det var verd det, både for det moralske i å halde ut for å nå målet, og fordi formen og pusten vart betre.
Eg måtte poste på Facebook at toppen var nådd, og fekk sjølsagt mykje god resons på det!
No er me på veg innover flata, og fann ut at det var skogsvegar me kunne gå, eller fortsetja innover mot Åsvang. Det er muligheiter... Blåveisen tek til å kome, og det blir berre blåare og blåare inne i skogen på veg opp til toppen. .
Det tok ca.50 minuttar å gå opp og ned, så det var ein skikkeleg tur, og no som me går vidare, vert turen enno lenger. Det tek timen å gå no
Ein bekjent som er sjukepleiar, ringde etter Facebookinnlegget. Ho fortalde at det var viktig å gå bakkar, for når hjartet tok til å arbeide, påverka det lungene, slik at lungene måtte jobbe meir, og dermed vert pustekapasiteten betre. Det var også viktig å puste frå magen, og ta djupe pust for å utvide lungene. Praten gav eit ekstra puff til å halde fram å gå.
Så har eg fått plass på nye Feiring på hjarteskule frå slutten av juni. Spanande.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!