Eg var heime, med 8 medisinar, og ei oppmoding om å trene meg opp gjennom å gå. Eg gjekk kvar dag, og opplevde små sigrar, ettersom lengda på turane vart lengre og lengre, timeter etter timeter.
Vart det problem, skulle eg oppsøke fastlege.
Dei tok stinga litt tidleg på Elverum, og det eine såret var fullt av puss, og ville ikkje gro. Eg fekk time hjå fastlegen, og fekk kome direkte inn på undersøkingsrommet, sidan det framleis var influensatid, og eg helst ikkje skulle bli forkjølt. Dei tok prøvar av bakteriefloraen, og sende til laboratoriet på Lillehammer, noko som gjorde at det tok nesten ei veke før eg fekk svar. Men mannen min var sjukepleiar, og vaska såret med Pyrisept kvar dag, så det var reint.
Då svaret endeleg kom, var det ingen fare, så vi heldt fram med Pyrisept og plasterbytte.
Etter 4 veker skulle eg til kontroll, og då var det full rulle. Legen målte blodtrykk, gjekk gjennom medisinar og skreiv ut dei som mangla på blå resept. Eg fekk bytt kolesteroltablett, og fekk fortalt om korleis eg hadde det. Eg hadde det jo bra, men kolesteroltabletten gjorde meg kvalm, og gav meg leddsmerter. Ho såg på såra mine, og tok ny bakterieprøve av det såret som ikkje hadde grodd skikkeleg enno.
Alt var fint, og eg fekk beskjed om å halde fram med å bevege meg, og gå.
Kolesteroltabletten gav meg diare, og eg kunne hverken hoste eller gå utan det kom i buksa, og det var jo nokså plagsamt. Det var like før eg skreiv til fastlegen at eg måtte byte tilbake til dei gamle, men då stoppa magesjuka, og eg kunne halde fram med dei nye tablettane.
Apotekaren på Løten sa at kolesteroltablettane hadde ulike verkestoff, som levra hos ulike menneske kunne reagere ulikt på, og ein annan fortalte at ulike tablettar kunne anten halde seg i tarmsystemet eller gjekk ut i blodet, og det kunne skape meir eller mindre smerter i ledda. Så visste eg det, i alle fall. Framleis er eg ikkje fornøgd med statinene, men eg får vente litt og sjå om det går seg til. Elles vil eg bytte på nytt. For det skal være statinar som ikkje gjev smerte.
Den nye bakterieprøva vart sendt til Lillehammer, og ei veke etterpå fekk eg som svar at bakterien kunne skape problem, men om eg reinsa, ville det gå bra. Det gjorde det.
Eg måtte tilbake for nye blodprøvar fordi eg skifta kolesteroltablettar, og på neste besøk undersøkte legen blodtrykk og sår på nytt.
Eg fekk legen til å underskrive søknad om såkalt hjerteskole, eller opptrening etter hjartesjukdom. Eg søkte meg til det nye sykehuset LHL på Gardermoen, det som tidlegare låg på Feiring i Eidsvoll . Så snart vert det 4 veker med opptrening, sunn kost og foredrag. Spanande!
Alt var elles bra ved legebesøket, og no ventar eg på undersøking på Elverum

Kommentarer
Legg inn en kommentar